Foto: Nik Gundersen

Jonas Øren Somewhat Deconstructed

Den legendariske koreografen William Forsythe sitt originale danseriske materiale krev både ei enorm teknisk evne og rytmisk forståing basert på prinsipp frå den klassiske balletten. I tillegg framførast stykket med ei tydeleg haldning; noko som for somme kanskje kan minne om sex-appeal. Med dette utgangspunktet har dansekunstnar Jonas Øren og komponist Erik Spanne undersøkt kva sjølv-portrettering kan vere. Eit sjølvportrett er oftast ei forskjønning – ein måte å framstå på ein ønska måte. Å tilnærme seg dette materialet i si originale form er å gripe etter det uoppnåelege – som igjen understreker noko urealisert ved den objektiviserte «Jonas». Det handlar ikkje om å imitere eller kopiere, men heller å bryte ned og revurdere: Korleis fungerer samansmeltinga av desse dansande handlingane og musikken i den objektiviserte dansekroppen? Som kunstform byggast mykje på risiko og meistring. Scenekunsten handlar om å feile.

Medvirkende:
Jonas Øren, Konsept, Danser



DatoTidStedBilletter
14.05.20211900 Dansens Hus Oslo  Lukket visning
18.05.20211900 Dansens Hus Oslo  Lukket visning
20.05.20211900 Dansens Hus Oslo  Lukket visning
19.06.2021 Nils Aas Kunstverksted